Oppdatering om status Skarsteinvegen ved Svoragjølet

Stryn kommune har gjennom våren arbeidd med å inngå avtale med entreprenør for grunnundersøkingar både i Stryn sentrum, Innvik, Utvik og på Skarsteinvegen.

I slutten av juni signerte kommunen kontrakt med Romerike Grunnboring AS for arbeidet med uttak av boreprøver og gjennomføring av analyser. Romerike Grunnboring AS vil vere på plass i Stryn rett over fellesferien. Kommunen vil prioritere å få gjennomført boring ved Svoragjølet så snart entreprenør er på plass.

Når grunnboringane er ferdige, vil resultatet bli levert til geoteknikarar for utarbeiding av naudsynte sikringstiltak. Når sikringstiltaka er ferdig prosjektert vil kommunen engasjere entreprenør for å utføre tiltak. Kommunen har ikkje tidfesta framdriftsplan for prosjektering og gjennomføring av tiltak då omfanget av sikringstiltaket er avhending av korleis grunntilhøva er.  

Stryn kommune minner om at Skarteinsvegen ved Svoragjølet er stengd for motorisert ferdsel. Det er mogleg å gå og sykle forbi skadepunktet. 
 

Vegsperringar skal ikkje flyttast
Kommunen har fleire gonger, og opp til fleire gongar kvar veke måtte setje på plass vegsperringar fordi desse har blitt flytta. Kommunen ser på flytting av sprerremateriell som hærverk og vil halde personar som utfører slik hærverk både personleg og økonomisk ansvarleg for skader og ulukker som måtte oppstå.