Pakkeforløp for psykisk helse og rus

1. januar 2019 blei pakkeforløp for psykisk helse og rus innført. Pakkeforløpet gjev deg som pasient auka medverknad. Det er dine ønskje og behov som skal ligge til grunn for behandlinga og du må sjølv delta aktivt.

Pakkeforløp for psykisk helse og rus skal gje deg som pasient eller pårørande eit behandlingsforløp utan unødig ventetid. Du som pasient skal få meir innflytelse på behandlinga, og den skal evaluerast systematisk undervegs. I Stryn kommune er det Benedikte Lunde som er forløpskoordinator.

 

Dette er pakkeforløp:
 

Henvisning

Forløpet startar når fastlegen din eller andre henviser deg til utredning eller behandling på sykeshus. Henvisninga bør innehalde det som er viktig for deg og du kan be om å få ein kopi av den.

Første samtale

Behandling i spesialisthelsetenesta startar med ei innleiande samtale. Saman med behandlar og eventuelt pårørande, avklarar de kva som er behova dine, mål og ønskjer for utredning og behandling.

Behandlingsplan

Du og behandlar skal saman lage ein behandlingsplan. Den skal innehalde måla dine for behandlinga og kva som er viktig for deg. Dersom du ønskjer det, kan pårørande delta i arbeidet med planen.

Behandlingsformer

Behandlar skal gje deg informasjon om dei aktuelle behandlingsformene, og kan gje deg gode råd når du skal velgje den behandlinga du meinar passar for deg.

Koordinert forløp

Du skal få tilbod om ein forløpskoordinator som skal sikre at du får eit samanhengende forløp utan unødig ventetid. Forløpskoordinator er ein viktig kontaktperson for deg og eventuelt dine pårørande. Forløpskoordinator skal vere tilgjengeleg på telefon og kan svare på spørsmål og informere om kva som skal skje undervegs i forløpet.

Individuell plan

Dersom du har behov for fleire tenester over lang tid, har du rett til å få utarbeida ein individuell plan. Den skal sikre at du får eit heilt og samorda tenestetilbod. Måla dine er utgangspunktet for planen.

Tilbakemelding

Som pasient kan du gje tilbakemelding på hjelpa du får slik at du og behandlaren din kan tilpasse den betre til behova dine. Dersom du opplever at relasjonen til behandlar ikkje fungerer, bør de snakke om det og vurdere om det er aktuelt med ein annan behandlar.

Evaluering

Behandlinga skal vurderast jamnt. Du og behandlaren din skal ha jamne møter der de snakkar om korleis det går, om du opplever hjelpa som nyttig eller om planane må endrast. Dersom du ønskjer det, kan dine pårørande, fastlegen eller andre delta på evalueringsmøta.

Les meir om pakkeforløp her:

Ved behov for meir informasjon:

Infoside Helsedirektoratet

Infoside Helse Vest RHF

Infoside HelseNorge