Pårørandekafé i Triangelen 29. april

Onsdag 29. april kl 18-20 inviterer kommunen til pårørandekafé nummer to – ein uformell og trygg møteplass for deg som står nær nokon med psykiske helseutfordringar eller rusproblem. Her kan du møte andre i liknande situasjon, dele erfaringar og finne støtte i ein inkluderande atmosfære.

Pårørande til personar med psykiske helseutfordringar eller rusproblem kan ofte kjenne seg åleine i ein krevjande kvardag. For å møte dette behovet har kommunen starta ein pårørandekafé – ein uformell møteplass der du kan møte andre i liknande situasjon, dele erfaringar og finne støtte i trygge og inkluderande rammer.

Pårørande til personar innan psykisk helse og rusfeltet er ei gruppe som ofte kjenner seg aleine. Ein kan stå i store belastningar og ha behov for nokon å dele erfaringar med. Ønskjet om pårørandekafé er å etablere ein uformell og open arena, der ein kan treffe personar som er i liknande situasjon som ein sjølv. Tilsette frå avdeling psykisk helse og rus i kommunen vil bidra i oppstart.

Samlingane er i Triangelen siste onsdag i månaden. Det er ope frå kl. 18 til kl. 20. Vi serverer kaffi og noko å bite i. Tilbodet er gratis.

Velkomne til ein prat!
 

Kontaktperson ved spørsmål:
Kristin Heimlid Øiestad, tlf 926 21 076