Pressemelding frå 23 folkevalde i Stryn

Barnevernet i Stryn har tillit mellom oss som er folkevalde i Stryn

I løpet av dette året har formannskap og kommunestyret fått rapport frå barnevernstenesta om korleis det står til. Det står bra til, men det blei påpeika at når det gjeld tilsyn i fosterheimer, var det avvik i 2019. Dette er retta opp i 2020. Dette blei også bekrefta av Fylkeslege Helga Arianson på kommunestyremøte 15 juni.

Sjølv om barnevernet i Stryn driv godt, ynskjer vi ei tettare oppfølging frå formannskap og kommunestyre. Vi vil difor be om halvårligerapporteringar frå administrasjonen i Stryn kommune. Det betyr at vi som folkevalde ynskjer og kunne fylgje betre opp, slik at vi sikrar at barnevernet har den kompetansen og ressursane dei treng for å yte ei best mogleg teneste.

 

Kari Synnøve Muri (KRF)

Arnljot Sæternes (på vegne av Høgre gruppa)

Rune Myklebust (på vegne av et stort fleirtal i Senterpartiet)

Haldor Hove (på vegne av Arbeidarparti gruppa)

Torstein Tvinnereim(på vegne av Venstre gruppa)