Presssemelding : Energiselskapet Stryn slår seg saman med Tussa

Styra i Energiselskapet Stryn AS og i Tussa Kraft AS har begge samrøystes vedteke at dei to selskapa skal slå seg saman.

Styret i Energiselskapet Stryn AS bestemte hausten 2020 å setje i gong ein prosess med utvalde kraftselskap, mellom dei Tussa, for å greie ut vilkåra for ei samanslåing. Fredag 26. mars vedtok styra at dei to selskapa skal slå seg saman. Samanslåinga vil bli gjennomført andre halvår 2021, under føresetnad av at generalforsamlingane i dei to selskapa gir sin tilslutnad.

Sterkare saman
I løpet av dei siste åra har det blitt stadig tydelegare at små energiselskap går ei usikker framtid i møte. - Det er jamleg innstrammingar i reguleringsregimet for nettselskapa i favør av større einingar, og sterkare konkurranse innan andre område, som til dømes kraftsal. For å møte denne framtida på ein best mogleg måte, er det rett for Energiselskapet Stryn AS å slå seg saman med ein større aktør, seier Rune Myklebust, styreleiar i Energiselskapet Stryn AS.Tussa har i løpet av dei siste åra arbeidd aktivt med å tilpasse seg styresmaktene sine krav til korleis energiforsyninga bør organiserast. Konsernsjef i Tussa, Elling Dybdal, seier at Tussa har gode erfaringar med å samarbeide med andre, og at dette er naudsynt for at selskapa skal levere konkurransedyktige produkt og tenester til kundane. - Naboar som står saman og samarbeider kan ha styrke til å stå imot sentraliserande krefter lenger enn om vi held fram kvar for oss, seier Dybdal.

God løysing for kundar, tilsette og eigar
Gjennom prosessen det siste halvåret har det blitt tydeleg for oss at samanslåinga gir gode vilkår både for kundar, tilsette og eigaren vår Stryn kommune, seier dagleg leiar Nils Are Karstad Lysø i Energiselskapet Stryn AS.Nettleiga for kundane i Stryn kommune vil bli redusert etter samanslåinga. Dei tilsette har vore involverte i prosessen. Ingen tilsette vil miste arbeidet som følgje av samanslåinga, og arbeidsplassane er garantert å bli i Stryn i mange år. Stryn kommune blir 5. største eigar i Tussa, med ein aksjepost på vel 7 prosent.

Om Energiselskapet Stryn:
Energiselskapet Stryn (tidlegare Stryn Energi) driv straumnettet i Stryn kommune, i tillegg til fiberinfrastruktur, kraftsal og vasskraftproduksjon. Selskapet består av dotterselskapa Brenett AS, Stryn Energi AS og Tinggata 3 AS, som alle er eigd av morselskapet Energiselskapet Stryn AS. I tillegg eig Stryn Energi AS 60 % av aksjane i Innvik Kraftverk AS. Konsernet har 24 medarbeidarar.

Om Tussa:
Tussa er eit leiande energi- og kommunikasjonskonsern med hovudkontor i Ørsta kommune. 200 medarbeidarar jobbar i konsernet, med oppgåver innanfor kraftproduksjon, kraftomsetning, IKT og installasjon. Mørenett AS er nettselskapet for 14 kommunar på Sunnmøre, og er eit av selskapa i Tussakonsernet. Mørenett AS har 139 tilsette.
Tussa sin visjon er å ha kraft til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. God kvalitet, lokal forankring, samfunnsansvarlege og framtidsretta handlingar skal gjere Tussa til kundane sitt førsteval.

Kontaktpersonar:
Nils Are Karstad Lysø, dagleg leiar i Energiselskapet Stryn AS, tlf. 906 14 535
Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa, tlf. 918 52 540