Regionalt miljøprogram utsett frist til 18. oktober

Har du tenkt å søkje regionalt miljøprogram? Søknadsfristen for regionale miljøtilskot er utsett til fredag 18. oktober på grunn av ustabilitet i det digitale søknadsskjemaet.

Kva er regionale miljøtilskot?

Som ein del av regionalt miljøprogram kan bønder i Vestland søke om regionale miljøtilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, klimarådgjeving og potet- og grønsaksproduksjon. 

Beitelag kan søke om tilskot til drift av beitelag. Tilskota skal stimulere til miljøvennlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet. Dei er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår. Omtale av dei regionale miljøtilskota i Vestland finn du her
 

Kven kan søke?

Alle føretak som kan søke produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksproduksjon i Vestland og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søke. Føretak som er registrerte i andre fylke kan såleis søke om tilskot, dersom dei driv areal eller har dyr på beite i Vestland. Beitelag som er registrerte i Einingsregisteret, og som oppfyller vilkåra som vert stilte i forskrifta, kan søke om tilskot til drift av beitelag.
 

Søknadsinformasjon for RMP frå Statsforvaltaren i Vestland
 

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med Stryn kommune
Rådgjevar Berekraft og næring
Amund Hjelle 
tlf 57 87 47 00