Reglar for Breng i Lodalen vedtekne av Stryn kommunestyre

Stryn kommunestyre vedtok 14. mai åtferdsreglar for bevaring av kulturlandskapet på Breng. Reglane skal hindre ulemper for grunneigarane sin bruk av området og fremje naturvennleg friluftsliv til glede for alle. Overnatting på Breng er no forbode.

Reglane gjeld innafor området merka A, B og C i kartet.

1. Formål

Åtferdsreglane skal sikre bevaring av kulturlandskapet på Breng som nasjonalt ikon. Reglane skal hindre ulemper for grunneigarane sin bruk av området og fremje naturvennleg friluftsliv til glede for alle.

2. Virkeområde og iverksetjing

Åtferdsreglane regulerer ferdselen på Breng i Lodalen i Stryn kommune. Reglane trer i kraft straks.

3. Åtferd generelt

Einkvar skal opptre varsamt og omsynsfullt slik at ferdsel, opphald og aktivitetar ikkje medfører ulempe for andre eller skade på kulturlandskap, kulturminne og natur. Området skal haldast ryddig og ingenting skal etterlatast når ein forlet området. Reglar og bruksordningar for området skal etterlevast i samsvar med informasjonsskilt og oppsynet sin nærare vegledning. Einkvar pliktar å følgje oppsynet sine tilvisningar.

4. Avfall og søppel

Avfall og søppel frå aktivitet på Breng skal takast med og skal leverast på ålment tilgjengelege leveringspunkt. Alle som ferdast i området skal nytte ålment tilgjengelege toalett utplassert ulike stader i Lodalen.

5. Bruk av open eld

Bruk av open eld, mellom anna grill, er forbode utanfor tilvist, skilta bålplass i badeområde B på kartet. Dette forbodet skal sikre bygningsmassen på Breng mot brann.

6. Telting og overnatting

Overnatting på Breng er forbode. Forbodet gjeld bruk av alle typer telt, campingvogner og hengekøyer (ikkje uttømmande), og omfattar heile område A på kartet. Forbodet gjeld ikkje for overnatting i sela på Breng.

7. Parkering av kjøretøy

Ved korttidsopphald på Breng skal kjøretøy parkerast på tilviste, skilta parkeringsplassar, avmerka på kartet som område C og D. Parkering av kjøretøy på vegskulder ned mot Lovatnet er ikkje tillate.

8. Dispensasjon

Stryn kommune kan i spesielle tilfelle gje dispensasjon frå åtferdsreglane.

9. Brot på reglane

Brot på åtferdsreglane kan medføre bortvisning frå området og straffeansvar etter friluftslova § 39.

 

Les heile vedtaket her: Vedtak om åtferdsreglar etter friluftslova §15 for Breng i Lodalen, Stryn kommune (PDF, 825 kB)

 

 

Klikk for stort bileteOmrådet merka A omfattar totalarealet som reglane gjeld for, inkludert også område B, C og D.
Område B er eit ålment tilgjengeleg badeområde og område C ei tilrettelagt korttidsparkering for buss og bil. Område D vil verte/er tilrettelagt som korttids parkeringsplass.