Rekruttering til bærnæringa i Stryn, Gloppen og Stad 2022-2024

Vi treng fleire bærdyrkarar i Nordfjord og må arbeide for at fleire ser på bær som ein mogleg framtidig næringsveg i landbruket. Landbrukskontoret i Gloppen og Stad har fått midlar frå Vestland fylkeskommune til å setje i gang eit rekrutteringsprosjekt i bærnæringa. Prosjektet er eit samarbeid mellom Gloppen, Stad og Stryn kommune og produsentlaga.

Målet med prosjektet er å rekruttere nye bærdyrkarar, skape auka motivasjon for å halde fram i bærnæringa, auke kompetansen og legge til rette for å ta i bruk nye produksjonsmetodar.

Prosjektet har og som mål å utvikle nye former for samarbeid og organisering som kan gjere næringa meir attraktiv og nytte nye areal til bærproduksjon.

Prosjektet er toårig. Prosjektet startar opp denne hausten og tida fram til jul vil verte nytta til å kartlegge status på bærnæringa. Vi håpar at du som driv med bær stiller opp med din kunnskap og dine synspunkt for å gje innspel inn i prosjektet. I løpet av prosjektperioden skal vi arrangere kurskveldar, studietur og få testa ut ulike former for samarbeid mellom bærdyrkarane.