Samtalegruppe for nære pårørande til personar med demens
Er du barn, ektefelle eller annan nær pårørande til ein person med demens? No startar vi opp ei samtalegruppe der du kan få støtte, kunnskap og høve til å dele erfaringar med andre i same situasjon.
📅 Oppstart: Tysdag 17. juni kl. 18.00
📍 Stad: Stryn omsorgssenter (Buketten)
⏱️ Varigheit: 1–1,5 time per gong
💰 Tilbodet er gratis
Om samtalegruppa:
Målet med gruppa er å gi støtte og informasjon til deg som er nær pårørande. Her får du høve til å setje ord på tankar, kjensler og opplevingar, og møte andre som forstår korleis du har det. Samtalegruppa kan vere ei hjelp til å meistre kvardagen og finne løysingar i eit krevjande familieliv.
Gruppa blir leia av fagpersonar frå hukommelsesteamet.
Påmelding og meir informasjon:
Ta kontakt på e-post anita.skarstein@stryn.kommune.no
Sist endra 04.06.2025 13.53