Sikre deg Strynesoga – ta vare på historia vår
Strynesoga er eit viktig kulturhistorisk verk som fortel historia om gardar, slekter og menneske i Stryn kommune. Ved å kjøpe bygdebøkene får du ikkje berre eit verdifullt oppslagsverk – du bidreg også til at arbeidet med dei neste binda kan halde fram. Inge Fænn er leiar av bygdeboknemnda og forfattar av bygdebøkene er Gaute Losnegård.
– Tre av dei planlagde fem binda i Strynesoga er no utgjevne. Kvar bok er trykt i eit opplag på 2.000 eksemplar, og så langt er det selt om lag 600–700 bøker av kvart bind. For bind 3 har vi ikkje tala før ved årsskiftet, seier Oddvar Nybø, medlem av bygdeboknemnda og leiar i Stryn Historielag.
Eit verk for framtida
Strynesoga dokumenterer historia til kommunen og er eit viktig oppslagsverk for alle som er interesserte i lokalhistorie, slektsgransking og utviklinga av bygdene i Stryn.
Dei tre første binda av Strynesoga er no utgjevne og tek for seg Nordsida, Vikane og Olden. Dei to siste binda vil ta for seg Loen og Oppstryn, og Nedstryn.
Bøkene passar både for deg som bur i Stryn, for utflytta stryningar og som ei gåve til familie og vener med tilknyting til kommunen.
Bidreg til vidare arbeid
Bygdeboknemnda arbeider vidare med dei neste binda i bokverket. Auka sal av dei utgjevne binda vil bidra til å styrkje prosjektet og gjere den lokale kulturarven tilgjengeleg for komande generasjonar.
Du kan kjøpe Strynesoga her:
- Norli Stryn Bok og Leker (Stryn Torg)
- Måndag–fredag: 10.00–19.00
- Laurdag: 10.00–17.00
- Stryn Bokhandel AS, Ringo Stryn
- Måndag–fredag: 10.00–17.00
- Laurdag: 10.00–15.00
- Stryn bibliotek
- Måndag, tysdag, onsdag og fredag: 10.00–16.00
- Torsdag: 10.00–20.00
- Laurdag: 11.00–14.00
Sist endra 07.10.2026 14.58