Siste spreietidspunkt for husdyrgjødsel-Regelverksendringar

Siste spreietidspunkt for husdyrgjødsel er 15.september

For 2026 er det ikkje krav om hausting eller slått etter siste gjødsling. Dette kravet kjem i 2027.

Om det er trong for gjødsling etter denne fristen er.det kun Statsfovaltaren som  kan gje dispensjon etter  ein spesiell søknad og etter spesielle  krav.

Nokon nyttar nedfellingsutstyr til husdyrgjødsel og ordninga RMP. Her har det vore ein siste spreiedato 10.august.  Her er det ei endring der ein kan spreie til 15.9 om ein har mist 1 omgang med dette utstyret før den 10. august.

Elles minner ein om at frå 2026 er det krav om gjødseljournal

Ved eventuelle spørsmål, ta kontakt med kommunen