Skal du søkje produksjonstilskot i oktober? 

Sjekk arealopplysningane dine på Gardskart.

Stryn kommune var gjennom ei sentral oppdatering av gardskart i oktober 2021.
Det vart då gjort ein del endringar av areal. Kommunen har no sluttført arbeidet med korrigering av uavklara forhold. 

Oppdateringa medførte at jordbruksarealet vart redusert med 622,9 da, og det er endring av 1259,7 da innafor jordbruksareal. Endringane kan ha bakgrunn i nedbygging av areal med vegar eller bygningar mm. Det kan vere nydyrking, rydding av beite, eller at arealet har endra seg så mykje at det ikkje lenger fyller krava til tidlegare kvalitet, t.d. ved attgroing.

Før søknad om arealtilskot (teljedato 1. oktober) med søknadsfrist 15. oktober, er det viktig at alle sjekkar arealtala på eigen eigendom og eventuelt leigeareal som det vert søkt produksjonstilskot på.

Gardskart finn du på Nibio sine nettsider nibio.no
Her kan du søkje opp aktuell eigedom, og finne fordeling mellom fulldyrka og overflatedyrka jord og beite. 

Det er desse tala som er avgrensande for kor mykje areal du kan søkje tilskot for. Men det skal berre søkjast for det arealet som har vore i bruk det aktuelle året.

Kontakt oss på landbruk dersom du treng hjelp til å finne ut av dette.