Skarsteinvegen framleis stengd ved Svoragjølet
Informasjon til oppsitjarane av Skarsteinvegen: Skarsteinvegen, ved Svoragjølet, blir stengd fram til sikringstiltak er gjort sommaren 2025.
Under ekstremvèret Jakob 31. oktober 2024 glei del av skråninga til Skarsteinvegen ned i Svoragjølet og vidare ned til fylkesveg 60. Skarsteinvegen vart stengd straks etter utglidninga og er framleis stengd.
29. november 2024 gjennomførte Stryn kommune synfaring saman med geoteknisk kompetanse frå Norconsult AS. Norconsult AS tilrådde sterkt at vegen ikkje vert opna forbi staden før det er gjennomført sikringstiltak.
Før sikringstiltak kan gjennomførast, må desse prosjekterast. Ein del av prosjekteringsgrunnlaget er grunnundersøkingar med boring og uttak av masseprøver. Kommunen vil prøve å få gjennomført grunnundersøkingar så snart det let seg gjere i høve vèr og føre slik at prosjektering av sikringstiltak kan starte.
Gjennomføring av sikringstiltak kan ikkje starte før frost/tele er vekke frå grunnen. Oppstart av sikringstiltak vil difor ikkje starte før vår/sommar 2025. Fram til sikringstiltak er utført og godkjende, vil vegen vere stengd ved Svoragjølet.
Sist endra 06.01.2025 10.18