Søk om tilskot til kulturbygg før 1. april

Slike bygg kan få støtte:

  • kulturhus
  • fleirbrukslokale
  • spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal ellerformidlingslokale for biletkunst

Tilskot til kulturbygg

Ordninga skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Pengane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Kven kan søkje?

Søkjarar kan vere frivillege lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommune. Andre lag, organisasjonar og selskap kan også søkje, avhengig av vedtektene sine. 

Du sender inn søknaden her 

Ta kontakt med rådgjevar Myrtel Janne Thomassen i Stryn kommune på tlf. 57 87 47 53 om du treng nærare informasjon om søknadsprosessen.

Frist for å søkje om spelemidlar til kulturbygg: 1. april 2020

Les om ordninga på Vestland fylkeskommune sine sider