Sommar og ferieavvikling på legekontora
Vi går no inn i ei periode med ferieavvikling for både fastlegane, og dei fast tilsette i helsepersonellgruppa. I denne perioden kan det vere redusert kapasitet ved legekontora.
· Vilde Flo Kandal (helsefagarbeidar) · Maria Belinda Bergset (medisinstudent) · Inger-Anne Kårstad (medisinstudent)Grunna ferieavvikling vil Innvik legekontor vere feriestengt i veke 30–32. Fastlege Mark Persson vil i denne perioden ha kontordagar ved Stryn legekontor alle dagar, med unntak av onsdagar.
Stryn legekontor har ope alle kvardagar kl. 09.00–15.00.
Daglegevakt: kl. 08.00–16.00.
Det kan til tider vere stort press på legetenesta under ferieavviklinga, og vi ber om forståing for at det kan oppstå noko ventetid.
Vi er også veldig glade for å ha fått inn tre flinke og erfarne ferievikarar som bistår oss gjennom sommaren. Desse blide folka møter du hovudsakleg i ekspedisjonen eller på telefon:
Viktige telefonnummer
Bestilling av legetime: 57 87 69 80
Legevakt: 116 117
Akutt nødhjelp: 113
Vi ønskjer alle ein god sommar!
Maria Belinda Bergset, sjukepleiar og teamansvarleg helsepersonell; Silje Bakken Bøe, Vilde Flo Kandal og Inger-Anne Kårstad.
Sist endra 03.07.2026 10.11