Sommar på legekontora

Det er juli og vi er godt inn i ferieavviklinga for dei fleste av oss. Sjølv om det er ferie er det likevel behov for å ha ei god tilgang til helsetenester. Stryn kommune er også ei attraktive kommune for turistar, noko som gjer at pågangen kan vere ekstra stor på legekontora i sommarsesongen.

 
Dette betyr at samtidig som det er viktig at det faste personalet får ferie og ein pust i bakken, er det like viktig at vi har nok kompetente legar og helsepersonell som er på jobb for dei som treng hjelpa vår. 

På legesida har vi fått inn tre vikarar i tillegg til dei faste legane. Det er Ayan B Sheikh-Mohamed- ho var også i Stryn i 2021, og ønska seg tilbake hit i år. Ho er her saman med mann og 2 av barna sine. Det er som ferie og jobb på ein gong fortel ho. Ayan er doktorgradsstipendiat og jobbar til vanleg på Nasjonalt kunnskapssenter for vold og traume. I tillegg jobbar ho på legevakt I Oslo. Ho skal vere på Stryn legesenter i veke 28-31.
Rebekka Dimon og Jonathan A.K Starling er frå eit ungt legepar frå Danmark som ønska å jobbe og utforske Norge. Dei landa på Stryn då dei er veldig glade i flott natur og friluftsliv. Dei kom til Stryn i slutten av juni og skal jobbe på Stryn legekontor ut 2024.

Desse blide legevikarane Jonathan Starling, Ayan B. Sheikh-Mohamad og Rebekka Dimon møter du på Stryn legekontor

 

På helsepersonellsida har vi også fått inn to flotte vikarar, i tillegg til dei faste. Det er Maria Bergset, ho er frå Stryn og akkurat ferdig med 3. året på medisinstudiet. So har vi Kristianne Bø Håheim som også er frå Stryn. Ho er ferdig utdanna sjukepleiar, og tek no i tillegg ein bachelor i biomedisin.

Stryn legekontor har ope heile sommaren, medan legekontoret i Innvik har sommarstengt i veke 29-33.  

So er det nødvendig med helsehjelp er det berre å ta kontakt med desse flotte folka, so hjelper dei etter hastegrad og behov.»

helsesekretær Beate Kristiansen flankert av Maria Bergset på venstre side og Kristianne Bø Håheim på høgre side.