Spelemidlar til idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet

Kommunedelplan for kultur, idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2021 sitt handlingsprogram for idrett synleggjer behov og prioriterer anlegg som skal ha tildeling av spelemidlar. Handlingsprogrammet vert rullert årleg og nye anlegg kan kome inn slik at dei kjem i posisjon til å søkje spelemidlar.

Innspel til handlingsprogrammet 2025-2028

For å kunne søkje spelemidlar for 2025 må anlegg registrerast i handlingsprogrammet, og frist for å sende innspel er 1. september 2024. 
Send innspel skriftleg til postmottak@stryn.kommune.no 

Skjema Handlingsprogram for idrett (PDF, 75 kB)

 

Handlingsprogram ordinære anlegg 2024 - 2027 (PDF, 539 kB)

Alle lag og organisasjonar må sjå gjennom tidlegare vedteke handlingsprogram for å vurdere om sine anlegg/prosjekt framleis er aktuelle.

 

Søknad om spelemidlar

Når anlegget er registrert i vedteke handlingsprogram er det i posisjon til å søkje spelemidlar. Søknad skal sendast inn elektronisk. Sjå meir om søknad og dokumentasjonskrav på anleggsregisteret.no 

Frist for å sende inn fullstendig søknad er 1. november 2024. 

Minner om å oppdatere anleggsregisteret dersom det er idrettsanlegg som ikkje lengre er i bruk, er flytta eller skal leggast ned.