Spørjeundersøking
Innspelsportal
Datoar for framtidsmøta:
Utvik 3. april, stad: Urdabrunn, kl 19-21
Nordsida 8. april Nordsida skule og barnehage kl 19-21
Innvik 9. april, Vikane skule, kl 19-21
Oppstryn 11. april, Trudvang, kl 19-21
Olden 16. april, Olden skule, kl 19-21
Loen 17. april, Loen Bygdehus, kl 19-21
Stryn og Markane 23. april, Stryn kulturhus kl 19-21
Framdriftsplan 2024:
Kunnskapsgrunnlaget som blir utarbeidd i februar er eit reint administrativt kunnskapsgrunnlag. Dette er for at administrasjonen i kommunen skal kome med ei fagleg vurdering på status, utfordringar og moglegheiter innanfor kommunalområda. Kunnskapsgrunnlaget er utgangspunktet for den første politikarverkstaden.
På den første arbeidsverkstaden skal politikarane jobbe med kunnskapsgrunnlaget og berekraftsmåla. Målet er å spisse satsingsområda og få eit betre grunnlag å ta med vidare i medverknadsprosessen.
I april vil vi gjerne høyre korleis DU vil at Stryn skal vere i 2035.
Kommunen skal:
- Arrangere framtidsmøter i dei ulike bygdelaga
- Gjennomføre spørjeundersøking
- Lage innspelsportal på nettsida til kommunen
- Arrangere medverknad frå born og unge
- Arrangere medverknad frå næringslivet
Møtedatoar:
Utvik 3. april Urdabrunn, kl 19-21
Nordsida 8. april Nordsida skule og barnehage kl 19-21
Innvik 9. april Vikane skule, kl 19-21
Oppstryn 11. april Trudvang, kl 19-21
Olden 16. april Olden skule, kl 19-21
Loen 17. april Loen Bygdehus, kl 19-21
Stryn og Markane 23. april, Stryn kulturhus kl 19-21
Målet er å få innspel frå deg om kva du synes er viktig.
Dette skal brukast i arbeidsverkstad med politikarane for å definere mål og delmål.
Vi skal også ha ei referansegruppe med innbyggjarar i ulike rollar, og frå ulike plassar, som skal lese igjennom planforslaget og kome med tilbakemeldingar.
Politikarane vil bli presentert funn frå medverknadsprosessen. Politikarane skal jobbe vidare med det dei kom fram til på førre arbeidsverkstad, med nye opplysningar frå medverknadsprosessen.
No skal hovudmål, delmål og strategiar ta form.
I mai og juni skal vi utarbeide planforslaget. Vi skal ha gjennomlesing, skrivehjelp og rettleiing frå avdelingar fortløpande under heile skriveprosessen.
11. juni skal planforslaget diskuterast i planforum hos Vestland fylkeskommune.
13. juni er det ein ny arbeidsverkstad der politikarane går igjennom planforslaget og kjem med dei siste endringane før høyring og offentleg ettersyn.
Høyring og offentleg ettersyn av planforslaget. Her kan alle kome med innspel og kommentarar til planforslaget.
Handsaming av innkomne merknadar og korrigeringar.
Planprogram Kunnskapsgrunnlag (PDF, 14 MB)
KVA ER SAMFUNNSDELEN?
For å bli den kommunen vi ønskjer å vere, må vi ha nokre mål og planar å strekke oss etter. Kommuneplanen legg grunnlaget for korleis vi ønskjer å ha det i framtida. Den inneheld tema som er viktige for oss i vår kommune.
Samfunnsdelen er kommunen sitt viktigaste styringsverktøy, og legg føringar for alle andre planar som skal utarbeidast i kommunen.