Stryn bibliotek opnar att måndag 18. mai

Etter at biblioteket i to månader har vore stengt for besøkande, utanom takeaway-utlån, kan du no kome inn  for å låne bøker, filmar m. m.

Opningstider:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 10.00-15.00
Torsdag 10.00-17.00.

Det blir litt endringar, blant anna avgrensingar på kor mange som kan vere i lokala på same tid med maks 20 personar om gongen. Barn under 15 år må ha med føresette.
Alle må følgje dei generelle smittevernreglane med blant anna minst 1 meter avstand, desinfisering og vasking.