Stryn kommune er tildelt 750.000 kroner til ungdomsstyrte prosjekt
Det er fritidskoordinator i Stryn kommune, Siri Linn Opsahl, og avdelingsleiar kultur, Ingrid Heieren Sølvberg, som har utarbeidd søknaden til Erasmus+ Ungdom, som er ei EU-finansiert satsing. Ungdomsrådet i Stryn får dermed 750.000 kroner til ungdomsstyrte prosjekt.

Knytt til valfag på skulen
Kursing av ungdomar blir heilt sentralt. Her har ein teke utgangspunkt i dagens ordning med unge aktivitetsleiarar knytt til «Open hall». For å skilje på det har ungdomsrådet bestemt at ein i dette prosjektet skal bruke omgrepet «Ung ressurs». Kva område ungdomane kan kurse seg innan er ikkje heilt bestemt, men ein ønskjer at prosjektet i stor grad skal integrerast i skulen, og knytast til valfaga ved ungdomsskulane i Stryn og Olden. Desse rettar seg mot både idrett, friluftsliv og kultur/sceneproduksjon.
Sist endra 10.03.2025 11.43