Stryn kommune og Olden cruisekai

Stryn kommune har eit ønskje om at cruisetrafikken i Olden skal vekse og utvikle seg også i framtida. Olden er i dag ein av dei mest populære cruisedestinasjonane i Norge, med stadig aukande tal cruisebåtar og passasjerar.

 

 

Bestillingar så langt i år, viser ein eksplosiv auke i tal skip og særleg passasjerar. I 2019 (2020 vart avlyst grunna Covid 19), var det 106 skipsanløp med 177 000 passasjerar i Olden. Så langt i år, er det bestillingar på 174 skipsanløp med 451 500 passasjerar for 2022.

 

Krav til sikring

Med så stor auke i skip og passasjerar, blir det stadig viktigare at vi føl lovkrava. Havnelova sine krav til sikring gjer at eksisterande kaiområde må utbetrast både med omsyn til trafikkavvikling og terrorsikring.

Havnelova § 30 - styrer sikring av havner.

Sikring av havner og havneanlegg

Eiere og operatører av havner og havneanlegg skal gjøre de tiltak som er nødvendige for å forebygge terrorhandlinger og andre ulovlige handlinger rettet mot havnen, havneanlegg eller fartøy i havnen.

Det finst i tillegg internasjonale krav til sikkerheit i hamner med internasjonal trafikk, fastsett i eiga forskrift.

Det har vore arbeidd med å finne løysing i lang tid. I reguleringsplanen frå 2007 var eit av måla å rydde opp i trafikale utfordringar langs Fv. 60 og å bygge gangveg sørover mot eksisterande småbåthamn.

 

Gangvegen er ikkje avgjerande for å sikre hamneområdet, men gjeldande reguleringsplan må, som eit minimum, gjennomførast på kaiområdet for å stette lovkrava.

Sikring av cruisetrafikken kan, slik kommunen ser det, gjerast på tre måtar:

  1. Gjennomføre reguleringsplanen for kai-området
  2. Gjennomføre heile reguleringsplanen for Olden terminalområdet, inkludert gangveg frå cruisehamna til terminalområdet
  3. Frivilleg avtale med grunneigarane om innløysing av nødvendig grunn på kai-området og til bygging av gangveg langs fjorden frå cruisekaia til terminalområdet på Oldenleirane.

Stryn kommune har heile vegen hatt ein intensjon om å gjere dette på ein måte som gagnar bygda og næringslivet. Vår vurdering er at alternativ 3, der ein både får sikra kai-området og bygt ny gangveg, vil vere eit betre alternativ både for bygda og næringslivet enn berre å gjennomføre reguleringsplanen på kai-området.

Noko må uansett gjerast. Det er ikkje eit alternativ å drive kaia vidare slik den er i dag. Risikoen for alvorlege ulukker er for stor, og med den auka trafikken som er førespegla, er det særleg viktig å få gjort dette snarast. Alternativet vil vere å bygge ned aktiviteten på eksisterande kai og finne alternativ lokalisering for ny kai.

Det har vore gjort mange forsøk på å få til ei frivillig løysing for å sikre kai-området og legge til rette for gangveg. Kommunen meiner ein har strekt seg langt overfor grunneigarane, til beste for Olden som lokalsamfunn og for tilrettelegging av cruisetrafikken.

 

Per Kjøllesdal
Ordførar

Hilde Lødøen
Konstituert kommunedirektør