Stryn kommune ønskjer innspel til naturmangfaldsplan

Stryn kommune skal utarbeide kommunedelplan for naturmangfald. Målet med planen er å kartleggje tilstanden i naturen i kommunen, og leggje til rette for korleis vi best kan ta vare på naturverdiane i Stryn.

Dersom du har innspel om lokal natur som du meiner kommunen bør kjenne til, oppmodar vi deg om å sende dei inn via skjemaet Innspel til naturmangfaldsplanen i Stryn kommune 
Frist for innsending av skjemaet er 1. september 2026.

Døme på innspel vi ønskjer:

  • Natur med høgt naturmangfald
  • Grøne strukturar som er viktige for artar si moglegheit til å spreie seg
  • Forslag til område som bør restaurerast
  • Naturområde med få eller ingen inngrep
  • Samanhengande myrområde
  • Rasteområde for fugl
  • Område med framande artar
  • Andre naturverdiar
     

Vi ber om at innspela så langt det er mogleg vert stadfesta på kart, slik at dei kan inkluderast i eit eige kartlag. Dette kan gjerast via det same skjemaet.

 

Ønskjer du å bidra med bilder av natur?

Stryn kommune set stor pris på bidrag av bilder til naturmangfaldsplanen. Bilder er viktige for å visualisere og gjere innhaldet i planen meir tilgjengeleg og levande. Vi tek imot alle typar bilder som kan vise breidda i naturtypar, truslar mot naturen, sjeldne artar og andre relevante motiv.

Vi kan ikkje garantere at alle bilder vert brukte i planen, men alle innsende bidrag vil bli vurderte. Det kan òg vere at akkurat ditt bilde blir valt som framsidebilde til planen.

Bidrag kan lastast opp som vedlegg i skjemaet.

Frist for innsending: 1. september 2026