Stryn kommune si varslingsløysing til innbyggjarane

Stryn kommune brukar UMS varslingsløysing levert av Everybrigde Company

Kommunen har i enkelte høver fått tilbakemelding frå innbyggjarar som meiner dei skulle vore varsla i samband med stenging av vatn, feiing, osv. At innbyggjarane ikkje har fått varsling kan ha ulike årsaker, men i hovudsak har kommunen sett at det truleg skuldast feilregistrering av mobilabonnementet. Mobilabonnement, må være registrert på den adressa der eigaren bur. Har brukaren ein mobiltelefon registrert t.d. på firma med anna adresse, vil vedkomande ikkje få melding som kommunen sender ut i eit definert område basert på adresse.
Stryn kommune vil difor be om at innbyggjarar som opplever dette går inn på følgjande nettside og sjekkar mobilnummer, e-post adresse og bustadadresse: https://www.servicevarsling.no
Her kan du velje «Sjekk din oppføring» ved å legge inn Stryn kommune i det fyrste feltet, telefon nummer og e-postadresse. Kryss av for «I’m not a robot», og trykk på «Send PIN-kode».
Du får då ei PIN-kode som skal leggast inn i nettsida, og du vil få opp eventuell informasjon om deg og dine registreringar. Dersom du ikkje er registrert her, ber kommunen om at du legg inn opplysningar slik at du kan få melding frå oss i ein viktig situasjon.

Har du ikkje mobiltelefon, vil du få ei oppringing på fasttelefonen din med ei talemelding. Dette føreset at du, i dette systemet, har registrert fasttelefonen på rett adresse. 

Med venleg helsing
Stryn kommune