Stryn kommune skiftar bank frå nyåret

SpareBank 1 SMN vann konkurransen om å bli ny hovudbankforbindelse for Stryn kommune. Stryn kommune går dermed frå Nordea til SpareBank 1 SMN frå 2025. Avtalen omfattar blant anna betalingsløysing, innskotsbetingelsar og rådgjevande tenester for dei neste to åra.  

– Det er stor stas for oss å få Stryn kommune på kundelista, sier Beate Kjøde i SpareBank 1 SMN. Bankavtalen mellom SpareBank 1 SMN og Stryn kommune har ei varigheit på to år, med opsjon på eit år pluss eit års forlengimg.

Dette er første gong SpareBank 1 SMN vinn anbod om å levere banktenester til Stryn kommune. Ifølge banksjef for SpareBank 1 SMN i Stryn, har banken lenge ønska kommunen som kunde. 

- Kommunale aktørar som Stryn kommune stiller store krav til bankforbindelsen sin, og då er det ekstra stas at vi klarte å dra i land denne seieren. Tilliten kommunen viser oss tek vi ikkje lett på, sier konserndirektør Stig Olav Brautaset.  

- Kommunedirektøren og økonomisjefen i Stryn kommune ser fram til eit godt samarbeid med Sparebank 1 SMN og takkar samtidig Nordea for eit godt samarbeid over mange år.

 

Bilde av fem personar som signerer avtale - Klikk for stort bileteSignererer avtale og feirar med nydeleg marsipankake: Rådgjevar næringsliv Monika Barstad Rebbestad, konserndirektør for Sunnmøre og Fjordane Stig Olav Brautaset, banksjef i Stryn Beate Kjøde, økonomisjef Stryn kommune Eivind Hopland og kommunedirektør i Stryn kommune Jon B. Nesje.