Stryn og Loen vassverk - oppmoding om reduksjon av vassforbruk

Stryn kommune ber alle som er knytt til vassverk i Stryn og Loen om å redusere/ avstå frå vatning i hage og bed, fordi vassverka no er nær maksimal kapasitet. Varselet er ei sterk oppmoding og gjeld frå i dag fredag 16.06.2023.

Kommunen kan innføre vatningsforbod, men vi prøver først med denne vennlege oppmodinga om redusert vassforbruk til hagevatning/ vatning av blomsterbed.