Stryn og Loen vassverk - reduksjon av vassforbruk

Fredag 12. juni sende kommunen ut SMS til dei som er knytt til vassverk i Stryn og Loen om at dei må redusere/ avstå frå vatning i hage og bed fordi vassverka er nær sin maksimale kapasitet. Varselet gjeld framleis og er ei sterk oppmoding.

Kommunen kan innføre vatningsforbod, men vi prøver først med denne vennlege oppmodinga om redusert vassforbruk til hagevatning/ vatning av blomsterbed.

Årsaka til avgrensing av vatning er at både Loen vassverk og Stryn vassverk når maksgrensa for kva UV-anlegga er godkjende for. Dersom vi går over denne grensa kan vi ikkje garantere for trygt vatn og må klore i tillegg.