Stryn symjehall fyller 50 år 6.november

Vi ynskjer å heidre jubilanten med gratis inngong og kake til alle badegjestene våre onsdag 08. november.

Eit djupdykk i arkivet viser at Stryn kommune 10. mai 1971 sende inn søknad om byggestart på symjehallen, drøye to år seinare 06. november 1973 kunne dåverande bygningssjef  Kåre Rustøen signere ferdigattest på symjehallen. Sidan den gongen har symjehallen vert trufast i si teneste til badegjester, skuleelevar og idrettslag i Stryn kommune. 50 åringen held seg i god form og er framleis svært aktiv med fullt program frå morgon til kveld kvar dag heile veka. Vi ynskjer alle som har lyst velkomne til ein forfriskande dukkert og ein kakebit på onsdag.