Tankeviruskurs

Har du tankar som tek mykje plass, skapar uro eller gjer kvardagen tyngre? På Tankevirus-kurset lærer du enkle verktøy for å forstå og handtere negative tankemønster, slik at du kan få betre overskot og trivsel i kvardagen.

Alle kan ha negative tankar som kan virke overbevisande og spele inn på kvardagen vår. Tankevirus er eit meistringskurs, basert på kognitiv adferdsterapi. Ved hjelp av psykologiske vitaminar lærer du måtar å forholde deg til tankane dine på, slik at du kan få det betre med deg sjølv og gruble mindre.

 

Om kurset og modellen:

Kva det er: Modellen samanliknar negative tankar med «tankevirus» som gjer oss meir stressa og urolege, og viser korleis ein kan bruke «psykologiske vitamin» som eit mentalt motmiddel.

Bakgrunn: Utvikla av psykolog og forskar Hanne H. Brorson, og vann Helseprisen i 2016.

Målgruppe: Passar for alle som opplever lette til moderate psykiske plager, grubling, bekymring eller ønskjer eit betre mentalt overskot.

 

På kurset lærer du om:

  • Kor vanleg det er å ha negative tankar
  • Å identifisere tankevirus hos deg sjølv
  • Korleis du skaper gode rammer for deg sjølv

 

Tid og stad

Orkideen, Stryn Omsorgssenter 1.etg. Kurset går over tre onsdagar:

Kursøkt 1: 28. oktober kl. 14:00 – 15:30

Kursøkt 2: 4. november kl. 14:00 – 15:30

Kursøkt 3: 11. november kl. 15:00 – 16:30

Pris: 250,- (øktene byggjer på kvarandre, det er difor ikkje mogleg å delta på kun éin kursdag).
 

Påmelding: Send sms med namn til 488 90 895

Kurshaldarar: Frisklivskoordinator Monica Beate Hesjedal og Fysioterapeut Sunniva Kveen er sertifiserte Tankevirus kurshaldarar, og har fokus på å skape trygge og gode rammer for kursdagane.
 

Ta kontakt for meir informasjon: Frisklivssentralen i Stryn: 488 90 895