Til abonnentar av avløpssystem og renseanlegg i Stryn kommune

Avdeling for kommunalteknikk som til dagleg driftar kommunen sine avløpssystem, dvs. ledningsanlegg, pumpestasjonar og renseanlegg, opplever at det stadig hamnar ting i avløpssystemet som ikkje burde vere der.

English: This article contains information about what should not be put in the toilet. For more information about this in different languages, go to this webpage.

Det kan vere leiker, filler, moppar, q-tips, bind, våtserviettar, matavfall, fett, bleier, osv. Dette er ting som ABSOLUTT IKKJE skal i toalettet, for så å hamne i avløpssystemet.
Filler, leiker, bleier m.m. er utfordrande å få i pumpestasjonar der pumpehjula vert blokkerte og avløpspumpene vert øydelagde. Q-tips er eit stort problem i ventilar der dei kan hindre ventilane å stenge skikkeleg.
Avløpspumper kostar mellom 30.000,- og 100.000,- kr. alt etter storleik. Alle kostnadar med vedlikehald av avløpssystemet inklusive rør, pumpestajonar og renseanlegg vert ført tilbake til abonnentane etter sjølvkostprinsippet. Kommunen bed difor alle sine avløpsabonnentar om å sjå til at kun det som skal i toalettet, hamnar der.

Dette skal du ikkje kaste i toalettet:
– Feitt
– Q-tips
– Hår
– Flytande stearin
– Bind
– Bleier
– Bomull
– Klutar
– Våtserviettar
– Pussegarn
– Olje og oljeprodukt
– Løysemiddel
– Tynnar
– Måling/beis
– Fotovæske
– Fargestoff og kontaktlim

Kun tiss, bæsj og toalettpapir skal i toalettet, sjå denne lenkja for do-vett-reglar.

Hald Norge reint-kampanje frå Norsk Vann og Hold Norge rent, Bidra du og!