Til Stryn i påska?

Til vanleg ville vi ønskt deg hjarteleg velkomen, og teke deg imot med opne armar. Vi er glade i at det kjem folk og vitjar kommunen. Anten ein er heimehøyrande, men har teke seg nokre år vekke, eller rett og slett vil hit for å feriere.

No er tidene litt annleis, og dei siste to vekene har vi budd oss på det som kan kome. Vi har teke oss av dei som er smitta – og vi, som elles i samfunnet, har innført djuptgripande tiltak for å hindre at koronaviruset spreiar seg og for å verne om dei mest sårbare.

Dette har også ført til at statsminister Erna Solberg har oppfordra folk om å ta påska i heimen i år. Vi har full forståing for at det er leit å ikkje få den tradisjonelle påskefeiringa saman med storfamilien, men vi vil oppmode flest mogleg om å feire påske på heimeadressa si i år. Dette gjeld også dei som ville ha kome til Stryn som turistar. Det er betre å støtte den næringa når restriksjonane er vekke. 

Sjølv om det er vanskeleg å seie nei når born og borneborn vil kome på besøk, vil eit nei vere lurt og naudsynt i år. Vi vil også oppfordre dykk som vurderer å reise på besøk, om å gjere valet enklare for familien som sit her i Stryn. Bli med på den store dugnaden denne ferien, og ta heller ein lenger ferie i kommunen når pandemien er under kontroll. Då er det hjartens velkomne, og vi gleder oss til å sjå dykk her, og når tida er inne for det, så håpar vi også at flest mogleg tek med flyttelasset og kjem heim for å busetje seg. 

Så ynskjer vi samstundes å vere veldig tydelege på fylgjande: No, meir enn nokon gong, treng vi alle kontakt og merksemd frå folk som er glade i oss. Det gjeld barn, det gjeld ungdom, vaksne og ikkje minst dei eldre. I høgtider kan kjensla av einsemd og sakn vere ekstra stort. Difor oppfordrar vi alle til å vere ekstra flinke til å ringe, skype, facetime, snappe, tekstmelde og alle andre måtar ein kan halde kontakt på. Det er ei god tid for å fortelje andre at ein bryr seg. I ei tid der avstand er viktig, er det ekstra viktig å vise nærleik på dei måtar ein kan. 

Det kjem ei tid då vi er tilbake til normalen. 

La oss lade opp til å bli endå flinkare til å tilbringe tid saman, stikke innom for ein prat og ein kaffikopp og finne på ting saman, når den tid kjem. 

No handlar det om å vere gode til å vere saman, utan at vi nødvendigvis er det fysisk. 

Om du tenkjer dette blir vanskeleg, ta kontakt. Dette skal vi kome gjennom. Slik vi brukar å gjere det Stryn. 

 

Beste helsing 
Per og Torstein 
ordførar og varaordførar i Stryn