Tilbod om tilsyns- og omsorgsordningar i barnehagar og skular i påska

Alle barnehagar og skular i Stryn kommune kan etablere tilbod for born og elevar (1. – 4. klasse) der begge føresette er knytt til kritiske samfunnsfunksjonar.

Dette gjeld arbeidstakarar som har fått omdisponering, meirarbeid/overtidsarbeid og endra arbeidstider som kan utløyse behov for utvida tilsyns- og omsorgsordningar.

Omsorgstilbodet gjeld også for barn med særlege omsorgsbehov som ikkje kan ivaretakast når barnehage, skule eller andre dagtilbod er stengde.

Viktig : Foreldre må sjølve må søke inn sine barn/elevar til styrar/rektor innan tysdag 7. april.

Sjå liste med kontaktinformasjon til rektor og styrar (PDF, 213 kB)

Dette er dei samfunnskritiske funksjonane