Tilskot til drenering av jordbruksjord – nye satsar frå 1. juli 2023

I følgje sluttprotokoll frå jordbruksforhandlingar i år, vart partane einige om å auka satsane for tilskot for drenering frå 1. juli. Nye satsar er 4 000 kroner per dekar og 61 kroner per løpemeter grøft, avgrensa til maksimalt 4 000 kroner per dekar råka areal. Endringane gjeld for søknadar sendt inn etter 1. juli 2023.

Føremålet med ordninga er å auka kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord ved å gje tilskot til drenering av dårleg drenert jord med potensial for auka matproduksjon, samt å redusere fare for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.

Ordninga gjeld tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal og planert areal. Planert areal er unnateke frå vilkåret om at arealet tidlegare skal vere grøfta.

Ved nydyrking med planering kan det ikkje gjevast tilskot til drenering då dreneringa er ein del av nydyrkingsarbeidet.

Det vert ikkje tildelt tilskot der tiltaket medfører vesentleg skade for annan eigedom, naturmangfald, vesentleg fare for flaum og vassforureining, eller fare for skade på automatisk freda kulturminne.

Til søknaden skal du leggje med kart med grøfteskisse, hugs å skrive tal meter på kvar grøft og type grøft.

Det vert ikkje gjeve tilskot der tiltaket er starta på før tilskot er innvilga.

Tiltaket må gjennomførast innan tre år frå søknaden vart innvilga.

 

Landbruksdirektoratet sitt skjema finn du her