Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære.
Døme på aktuelle tiltak:
• Beitebruksplan
• Sanke- og skiljeanlegg
• Bruer dimensjonert for dyr og folk
• Sperregjerde for å sikre at dyr ikkje kjem inn i farleg område
• Gjetarhytter/sankehytter
• Elektronisk overvakingsutstyr
Beitelag sender søknad om tilskot til kommunen.
Søknadsfristen er 3. mars 2025.
Hugs nødvendige vedlegg, som kart og løyver mm.
Kostnadsramme på kr 130.000.
Tilskot til tiltak i beiteområde, søk her
Gjeld tilskot til tiltak som bidreg til å legge til rette for best muleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.
Retningslinjer for tildeling av tilskot til tiltak i beiteområde 2021-2025 Stryn kommune