Tilskot ved produksjonssvikt
Føretak med store avlingstap grunna klima kan søke om tilskot ved produksjonssvikt innan 31. oktober. Søknadsfristen er endeleg.
Har du fått store avlingstap på grunn av klima? Då kan du søkje om tilskot ved produksjonssvikt. Søknadsfristen er 31. oktober, og fristen er endeleg.
Meld frå og søk innan fristen
Du må melde frå til kommunen utan ugrunna opphald dersom du trur du kan få produksjonssvikt. Meldinga skal sendast digitalt. Merk at melding ikkje er det same som ein søknad – du må sende inn både melding og søknad i kvar sitt elektroniske skjema.
Kven kan få tilskot?
Tilskot blir berre gitt ved klimabetinga produksjonssvikt. Det er ein eigenrisiko på 30 prosent, og du må kunne dokumentere både skadeårsaka og avlingsnivået.
Meir informasjon
Les om regelverket, finn søknadsskjema og hjelpeskjema på nettsidene til
Statsforvaltaren Vestland:
- Tilskot ved produksjonssvikt (frukt, bær, grønt og grovfôr)
- Tilskot ved svikt i honningproduksjon
- Skjema for registrering av avling i normalår
Kontakt oss
Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål eller treng rettleiing.
Rådgjevar Amund Per Hjelle
Tlf 57 87 47 20
Sist endra 06.10.2026 11.35