Kommunedirektør i Stryn, Jon Nesje.Samarbeid i Nordfjord, som er eit administrativt samarbeid mellom kommunane Stryn, Gloppen, Stad, Bremanger og Kinn, har bestilt ei tolegrenseanalyse for å få ei innsikt av den samla cruiseturismen i Nordfjord. Hamnene i Olden, Nordfjordeid og Måløy påverkar aktiviteten i heile Nordfjord og det er viktig at ein ser turismen under eitt.
Totalt var det 263 skip og 621 560 cruisegjestar som besøkte Nordfjord i 2023. 71% av dei besøkande kom via cruiseskip, 90% av desse kom i løpet av månadane mai- september.
Visit Nordfjord og Visit Fjordkysten og Sunnfjord er i gang med arbeidet med å bli merka som berekraftig reisemål og cruisetillegga er ein viktig del av denne prosessen. Tilrådingane frå tolegrenseanalysen er teken til vitande og vil bli ein del av masterplanen for dei to destinasjonane.
Jon Nesje, som er kommunedirektør i Stryn og leiar av destinasjonsleiinga, er glad for at dette kunnskapsgrunnlaget er på plass til bruk i det vidare arbeidet med å utvikle Nordfjord som berekraftig reisemål.
Frå kommunane si side er det viktig at ein etablerer system som koordinerer og legg til rette for god besøksforvaltning i heile regionen. Den samla besøkskapasiteten i Nordfjord er høg og det er nokre enkeltdagar gjennom sesongen som er utfordrande.
Gode besøks-straumar er ikkje berre hamnene og kommunane sitt ansvar, han rår alle aktørane i reiselivsnæringa til å vere med å ta del i arbeidet slik at vi saman kan lukkast med god innbyggjar- og besøksoppleving.
.Tolegrenseanalyse Nordfjord (PDF, 9 MB)