TV aksjonen 2025 "Saman opner vi dører"

Søndag 19. oktober skjer det: Då går heile Norge saman for å støtte verdas største dugnad – TV-aksjonen 2025!  

Ta godt imot bøssebærarane  våre og støtt årets TV-aksjon søndag 19.oktober 2025

Søndag 19. oktober skjer det: Då går heile Norge saman for å støtte verdas største dugnad – TV-aksjonen 2025!  

I år går pengane til Atlas-alliansen, som skal hjelpe menneske med funksjonsnedsetjingar i nokre av dei mest utsette områda i verda. Slagordet er treffande: Saman opnar vi dører – til tryggleik, utdanning og eit verdig liv.

Pengane skal hjelpe over 200 000 funksjonshemma sånn at dei får tilgang til naudhjelp, skulegang, helsehjelp og arbeid i land som Nepal, Uganda, Palestina og Ukraina. I krig og fattigdom er funksjonshemma ekstra sårbare – og årets aksjon skal gi dei ein ny sjanse til å leve sjølvstendige liv.

Stryn kommune støttar TV-aksjonen og varaordførar Sonja Øvre-Flo er ansvarleg for årets aksjon. I år har ho med seg Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne på oppfordringa til innbyggjarane i Stryn kommune om å ta godt imot bøsseberarane som er hjartet i TV-aksjonen. Dei går frå dør til dør for å samle inn pengar – og spreie håp. Eit vennleg hei, eit takk og eit bidrag – stort eller lite – gjer ein forskjell.

Varaordføraren rosar alle dei frivillige rundt om i bygdene våre som har tatt på seg ansvaret, saman har vi 97 bøsseberarar klar til å ta årets viktigaste søndagstur 19. oktober.

Saman opnar vi dører – både bokstaveleg og symbolsk. TV-aksjonen er ei unik moglegheit til å vise solidaritet i praksis. Kvar krone tel. Kvar dør som blir opna, betyr ein ny sjanse for nokon.

Er du med, Stryn?

 

Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne:
Frå venstre: Christer Solberg, Siv Rauset, Knut Tjugen, Sonja Øvre-Flo(leiar for TV aksjonen), Merete Tisthamar, Sigurd Strand, Elisabeth Sheen Bøe, Inge Fænn (leiar i rådet)

Frå venstre Christer Solberg, Siv Rauset, Knut Tjugen, Sonja Øvre-Flo(leiar for TV aksjonen), Merete Tisthamar, Sigurd Strand, Elisabeth Sheen Bøe, Inge Fænn