UKM 2025

Gratulerer med vel gjennomført UKM!

Det var eit forrykande show vi fekk servert i Stryn kulturhus laurdag ettermiddag. 70 deltakarar bidrog med musikk, kunst, musikal, dans, programleiing og smittande energi. 

Musikalgjengen synte først fram ein liten smakebit frå Mamma Mia-musikalen som har premiere i mai. Og dette lovar godt! Deretter fulgte UKM-deltakarane på med den eine godbiten etter den andre. 

-  Vi har kosa oss voldsomt mykje på eit flott UKM-arrangement i Stryn. Blant dei som var 13 og eldre, har vi hatt ein tøff jobb med å velge kven som skal vidare til fylkesfestivalen. Vi vart også imponert over mange av dei yngre deltakarane som vi håpar å sjå att på seinare UKM, seier fagpanelet Steinar Nesdal, Marit Elise Revling Holm og Telma Nyberg.

Dei som skal representere Stryn under UKM sin fylkesfestival i Operahuset på Eid 25.-27. april er:

Scene

Hallgeir Dvergsdal Kirkeeide og Åsmund Kyrkjeeide (trompet og baryton)

Klara Bergem Bø og Catrin Sanden (song og piano)

Lovise Blakset Guddal (dans)

Emma Berstad Hjellbakk (song)

Kunst

The Cube - 7. klasse Tonning

Alma Sæten-Haaland - Rev og Humle

Tuva Lunde Bergset - Elg i Nordlys og Vinternatt

Programleiarar

Niva Lunde Hallor

Klara Bergem Bø