Undersøking om jordleigeavtaler og prisar på leigejord frå Stryn kommune

Det er sendt ut brev til grunneigarar i Stryn som har utleigeavtaler på jordbruksjord på 10 dekar eller meir. Det er tatt utgangspunkt i arealoversikt frå produksjonstilskotssøknaden 2017.

Eit av måla med undersøkinga er at vi skal få oppdaterte prisar på leigejorda i kommunen. Dette kan vi bruke til å gje råd til både utleigar og leigar av jordbruksjord i Stryn.

Kommunen spør om å få kopi av jordleigeavtaler der vi manglar dette. Den som leiger ut jord skal ha skriftleg ti-årskontrakt for å oppfylle driveplikta. Det er driveplikt på alt jordbruksareal. Kopi av kontrakter på jordleige skal eigar sende kommunen. Driveplikta er regulert av jordlova §§ 8 og 8 a. Det er og eit mål å få formalisert leigeforhold der det ikkje finst skriftlege avtaler.  

Å ha langsiktige og gode avtalar for jordleige er viktig sidan stadig større del av landbruksproduksjonen er på leigd jord.

Har du spørsmål til dette eller ønskjer meir informasjon, ta kontakt med landbruksavdelinga ved landbrukssjef Ellen Kirkeeide 57 87 47 21.