Utgreiing Cruisekai nr 2 Stryn kommune

Nordfjord Havn har laga ein rapport der dei lokaliserer moglegheiter for etablering av ei kai nr. 2 i Stryn kommune. Rapporten er utarbeidd på bakgrunn av eit vedtak i kommunestyret i 2022.

Rapporten er tufta på den maritime delen av ei slik etablering, kvar det er gunstig å etablere ei kai med tanke på vind/ ver/ djuptgåande og lokasjon i forhold til ønskje frå reiarlaga.

Den samfunnsmessige delen av rapporten skal utgreiast av Stryn kommune. Når grunnlagsmaterialet er på plass, blir saka politisk behandla, før den blir lagt ut på høyring.

Cruiseturismen er i sterk vekst, og Stryn er ein attraktiv destinasjon som har hatt stor auke i tal anløp og passasjerar. Sesongen for cruisenæringa blir stadig utvida.

I framtida vil det kunne vere realistisk å tenkje Stryn som heilårsdestinasjon for cruise. Dette utfordrar infrastrukturen til å ta i mot og handtere trafikken på ein best mogeleg måte, både når det gjeld kaikapasitet og infrastruktur på land. 

Spørsmål om eventuell etablering av ei kai nummer to er difor aktualisert igjen. 

Ein viktig del av dette er å gjere vurderingar opp mot «toleevna» til lokalsamfunna, med mål om ei berekraftig utvikling av cruisenæringa lokalt. 

Involvering og medverknad frå lokalmiljøet og ulike instansar vil vere viktig når ein skal gjere desse vurderingane. Stemninga for cruise kan snu frå positiv til negativ dersom volumveksten blir for stor og forureining frå skip og trafikkbelastning lokalt frå passasjerar og store bussgrupper skadar lokalbefolkninga.

Nordfjord Havn utgreier delen som omhandlar det maritime, faglege, teknisk samt infrastruktur på land. Stryn Kommune har ansvar for at den samfunnsmessige delen blir utgreia. Herunder toleevne for dei fastbuande og andre negative og positive ringverknader.

 

Rapport frå Nordfjord Havn om Cruisekai nr 2 (PDF, 3 MB)