Utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel

Stryn kommune set frist til 24. september 2022 for spreiing av husdyrgjødsel.

Stryn kommune har lokal forskrift som tillet spreiing av husdyrgjødsel fram til 15. september. Forskrift om gjødselvarer m.v. av organisk opphav opnar for at kommunen kan dispensere frå forskrifta i særlege tilfelle.

Den våte sommaren har medført problem med å gjennomføre innhausting og gjødselkøyring til vanleg tid og under optimale tilhøve. Alle arbeidsoperasjonar har blitt forsinka for svært mange.

Bondelaga i Stryn, med samtykke frå Bonde- og småbrukarlaget har søkt om felles utsett frist til 1. oktober.

Vêret har vore godt ein periode no, og vårt inntrykk er at mange er ajour med arbeidet på markane. Vi imøtekjem søknaden delvis, og gjev utsett frist for heile kommunen til 24.09.2022.

Vilkåret er at det ikkje blir spreidd gjødsel nærare enn 6 meter til vassdrag, og at gjødsla blir spreidd på areal utan fare for avrenning til vassdrag.