Varsel om oppstart av kommunedelplan og høyring av planprogram for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger
Statens vegvesen startar arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutgreiing for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger. Send inn dine innspel no, frist for innsending er 15. januar 2026.
Det skal utarbeidast ein kommunedelplan med konsekvensutgreiing for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, og målet er få ein ny vintersikker fjellovergang med lang tunnel. Eit løp mot Geiranger blir planlagt mot nordvest frå midten av tunnelen, og dette vil gje heilårleg vegforbindelse frå aust. Planprogrammet er no på høyring, med tilhøyrande dokument.
I arbeidet som no startar, vil vi få fastsett kor tunnelen skal munne ut i Hjelledalen i Stryn, Breiddalen i Skjåk og Opplendskedalen ved Geiranger. Prosjektet er inne i Nasjonal Transportplan 2025-2036 (NTP), med planlagt oppstart i første periode.
Dokument i saka:
Innspel og merknader til planarbeidet kan sendast innan 15. januar 2026:
- via skjema i den digitale medverknadsportalen
- på e-post til firmapost@vegvesen.no, eller
- per brev til Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
Innspel som gjeld planområdet i Stryn kommune merkast med sak 25/294637,.
Innspel i Stranda kommune ønskjer vi blir merka med sak 25/311403
Innspel i Skjåk kommune med sak 25/294369
Informasjon frå Statens vegvesen
Sist endra 04.12.2025 13.11