Varsel om oppstart av reguleringsplan for Vikavegen 3

Det er varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for bustadar ved Vikavegen 3 i Stryn. Planarbeidet skal legge til rette for mindre, sentrumsnære bueiningar og vurdere løysingar for betre tilkomst og fortau langs Vikavegen.

Vikavegen AS ønskjer å lage ein reguleringsplan for nye bustader med høg utnytting i eit sentrumsnært område. Planområdet er om lag 4,1 dekar, og om lag 2,5 dekar er sett av til bustadbygging.

Planen legg opp til mindre bueiningar med god tilpassing for eldre. Tilkomst til området vil i hovudsak vere frå Vikavegen.

Som ein del av planarbeidet skal det vurderast nytt fortau langs Vikavegen mellom Setrevegen og barnehagen ved gnr./bnr. 57/313. Planarbeidet skal avklare plassering og breidde på fortauet, og om det er behov for justeringar av Vikavegen.

Planarbeidet kan påverke delar av eigedomane gnr./bnr. 57/81, 57/132, 57/313 og 57/343, som er tekne med i planområdet på grunn av planlegging av fortau.

 

For meir informasjon trykk her: arealplaner.no
Nasjonal arealplanid 4651_2026007

 

Send innspel til planarbeidet

Innspel skal vere skriftlege og kan sendast på e-post til
250155@nordplan.no 
(med kopi til sn@nordplan.no)

eller per post til:
Nordplan AS
Tonningsgata 42
6783 Stryn

Frist for innspel: Fredag 13.11.2026