Varsling 24

Stryn kommune har teke i bruk varslingssystemet «Varsling 24» for å kunne nå alle innbyggjarane raskt med viktige meldingar. Varslinga skjer ved utsending av tekstmelding (SMS) til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og e-post.

Når blir systemet teke i bruk?
Varslingssystemet vil bli brukt av kommunen for å nå innbyggjarane digitalt med meldingar når dette er føremålstenleg. Det kan vere ved stenging av vatn, kokevarsel, stengde vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre situasjonar som krev rask informasjon.


Korleis finn vi deg?
Det vert nytta fire ulike register for å nå ut med informasjon til deg:

1) Privatpersonar:
Kontaktinformasjon vert henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi oppmodar deg om å legge inn mobiltelefonnummeret og epostadressa di i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste henvendelsar frå det offentlege vil hente kontaktinformasjonen der, for eksempel skattemeldinga (sjølvmeldinga). Oppdatering utførast her på norge.no
 

2) Bedrifter:
Ved varsling av bedrifter vert bedrifter som høyrer til adresser som er oppført i einingsregisteret kontakta. Kontaktdata for bedrifter blir hentet fra Digitaliseringsdirektoratet/ (Altinn).Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som undereining hos Brønnøysundregistera

3) Tilleggsregister:
Tilleggsregister kan du nytte om du ønskjer å få varsling for ei bedrift eller for ei adresse du ikkje er registrert med bustadadresse på. Sjå varslemeg.no 
 

4) Fritidseigedommar:
Varsling 24 varslar fritidseigedommar med matrikkelkodane 16 og 17

  • 161 - Fritidsbygning (hytter, sommarhus o.l.)
  • 162 - Heilårsbustad nytaa som fritidsbustad
  • 163 - Våningshus nytta som fritidsbustad
  • 171 - Seterhus, sel, rorbu o.l.
  • 172 - Skogs- og utmarkskoie, gamme


Det er eigarane av desse eigedomane som blir varsla. Er eigedomen festa er det festar som blir varsla. Kontaktdata finn vi  under privatpersonar/bedrifter.

 

Har du ikkje fått varsel?

1) Er du folkeregistrert på adressa di

2) Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon på norge.no
 

Kva kan du gjere?

Oppdater opplysningane dine og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

Bur du på ein annan stad enn der du er folkeregistrert kan du registrere telefonnummeret ditt på adressa di i Tilleggsregisteret. Hugs å endre om du flyttar. Tilleggsregisteret er konfidensielt og nyttast berre av kommunen.

Registrer telefonnummeret ditt i kommunens tilleggsregister på varslemeg.no

Vel Tilleggsoppføring – Legg til  telefonnummeret ditt (vel Privat)
 

Sårbare verksemder

Tilleggsregisteret knyter kontaktpersonar til verksemder med telefonnummer. Kontaktpersonen vil få varsel på SMS dersom SMS sendast frå kommunen.

Sårbare verksemder er bedrifter som er avhengig av vatn for å drive verksemda si.

Dømer:

  • Sjukehus og medisinske senter
  • Alders- og sjukeheim
  • Lege og tannlegar
  • Barnehagar og skular
  • Næringsmiddelprodusentar
  • Restaurantar og kafear

 

Ofte spurde spørsmål