Vasslekkasje på Visnes

Vatnet blir avstengt i område på Visnes

Det er oppdaga ein større vasslekkasje på Visnes, og det er naudsynt å få reparert denne snarast. Kommunen må stenge vatnet i området for å gjennomføre reparasjonen.  Det er sendt ut SMS varsel til dei adressene der vatnet blir avstengt.  

Når lekkasjen er reparert vert vatnet sett på igjen utan vidare varsel. Det kan vere noko luft og farge i vatnet, men lat då kaldt vatn renne frå krane nærast inntaket fram til vatnet er klart og utan luft.