Vegen til Leitekvia og bustadfeltet i Solvik klar i november
Tilkomstvegen til Leitekvia og bustadfeltet i Solvik nærmar seg ferdig, men prosjektet er dessverre litt forseinka. Etter ferieopphald i juli skal asfaltarbeidet halde fram, og ny sluttfrist er sett til 15. november.
Tilkomstvegen til Leitekvia og bustadfeltet i Solvik nærmar seg ferdig. Entreprenøren tek no ferie frå i morgon 4. juli til 28. juli. Rett etter ferien blir øvste del av tilkomstvegen asfaltert men det står enno igjen noko arbeid både i tilkomstvegen og i bustadfeltet. Planlagd sluttfrist var opphavleg sett til 1. juli, men fristen er utsett til 15. november mellom anna fordi der var mykje meir fjell enn venta.
Tilkomstvegen.
Anders Maurset
I tilkomstvegen ved avkøyring til bustadfeltet.
Anders Maurset
I bustadfeltet ved gangveg og leikeplass.
Anders Maurset
Sist endra 04.07.2025 09.31