Vegstenging på Flovegen - pressemelding frå Statens Vegvesen

Statens vegvesen har starta arbeidet med å skifte ut vegmassane på fylkesveg 722 ved Storesunde.

I første omgang blir det berre korte stengingar på inntil ein halvtime, men det vil bli behov for lengre stengeperiodar ganske snart.

Vi har oppretta ei varslingsteneste på SMS som folk kan melde seg på. Send kodeord flotunnelen til 2252, så får du beskjed ved endring av stengetider, opplyser prosjektleiar Øystein Tytingvåg.

Du kan melde deg på SMS-varsling og få beskjed ved endring av stengetider:

Send flotunnelen til 2252 for å starte abonnementet
Send flotunnelen STOPP til 2252 for å stoppe abonnementet
Send flotunnelen til 2252 for ei statusoppdatering akkurat no

 

Førebuing til tunneldriving.

Strynefirmaet Kveen AS er entreprenør på dette oppdraget, som vil vare i omlag to månader. Utskiftinga av vegmasser ved Storesunde er eit førebuande tiltak som må vere ferdig før drivinga av Flotunnelen kan starte. På grunn av mykje leire og lausmassar i grunnen må eksisterande veg gravast opp og erstattast med ny masse.

 - Denne vegstrekninga vil ikkje tole tyngda av massetransport frå tunneldrivinga, vi ser det på vegen slik den er i dag, den sprekk opp på midten. For å sleppe heft i anleggsperioden og ekstrakostnader, må vegen gjerast noko med før tunneldrivinga startar, seier Tytingvåg.

 Bygginga av Flotunnelen skal lysast ut i same kontrakt som Blaksettunnelen på fv.698. Dette vil skje i løpet av 2018. Anleggsstart vil då bli på før-sommaren 2019.