Vegstenging på fylkesveg 60 over Utvikfjellet utsett

Arbeidet på fv 60 over Utvikfjellet som skulle starte onsdag 12. august er utsett. Avventar meir informasjon om når arbeidet kan starte, melde Vegtrafikksentralen Vest tysdag kveld 11. august.

Sist veke sende Vestland fylkeskommune ut melding om at fv 60 over Utvikfjellet vil bli stengt i fleire timar kvar vekedag frå og med onsdag 12. august og fram til slutten av november. Dette grunna eit omfattande arbeid med utskifting av stikkrenner.

Ordførar i Stryn, Per Kjøllesdal, er glad for at arbeidet no blir utsett.
– Vi har jobba kontinuerleg inn mot fylkeskommunen siste tida. At dette no får ei løysing er veldig bra, seier han.