Vi tilbyr ulike sensorar som kan gje auka tryggleik. Velferdsteknologi som består av sensorar som automatisk varslar ved uønskte hendingar, vert rekna som digitale tilsyn. Dette inneber éin eller fleire sensorar som utløyser eit varsel til tenesteytar, til dømes ved rørsle, passering, fråvær frå seng og liknande.
Døme på slike sensorar er sengesensor, dørsensor og rørslesensor. Teknologien har som mål å førebyggje fare, minske skade og tilkalle hjelp dersom ein ikkje er i stand til det – samtidig som det gjev auka fridom. Det er behovet til den enkelte som avgjer kva teknologi som er aktuell.
Døme på slike sensorar er:
- Sengesensor
- Dørsensor
- Rørslesensor
Nytt tilbod
Guardian H10 er ein søvnmonitor som kontinuerleg samlar inn helsedata medan bebuaren ligg i senga. Monitoren måler pustemønster, at ein ligg i senga, søvn, vakentilstand og uro. Guardian H10 vil vere ei støtte for nattevaktene, og kan varsle dei tilsette dersom bebuaren til dømes er ute av senga, er uroleg, rører seg mykje eller lagar høg lyd. Teknologien vert tilpassa behova til kvar enkelt bebuar.
Systemet vert innført hausten 2025.