Velkomen til COS-foreldrerettleiing

Stryn helsestasjons- og skulehelseteneste ønskjer alle småbarnsforeldre velkomne på kurs der vanlege, viktige og vanskelege tema i foreldrerolla vert tekne opp. Kurset har eit førebyggande perspektiv, og passar for alle foreldre. 

Vi planlegg grupper torsdagar kl 14.00-15.30 med oppstart torsdag 27. april.

 

• Passar for småbarnsforeldre som ønskjer å vite meir om dei grunnleggande behova barn har, og korleis dekke behova

• Kurset er særleg anbefalt til foreldre med barn i førskulealder (frå 4 mnd alder)

• Du treng ikkje oppleve vanskar med barnet ditt for å ha glede og nytte av COS-kurs

• Kurset er gratis

• 7-8 samlingar, inntil 10 personar i gruppa

• Barnet kan vere med

• Læringa føregår gjennom videoklipp, samtaler og erfaringsutveksling, refleksjon og å prøve teori ut i praksis

• Du vel sjølv kor mykje du ønskjer å dele i gruppa

• Deltakarane må ha norskkunnskap
 

PÅMELDING:

Ta kontakt med Stryn helsestasjon 57 87 69 99
eller send e-post til stryn.helsestasjon@stryn.kommune.no