PÅMELDING:
Ta kontakt med Stryn helsestasjon 57 87 69 99
eller send e-post til stryn.helsestasjon@stryn.kommune.no
Påmeldingsfrist 23. januar
• Gratis lavterskeltilbod
• Åtte samlingar på 1,5 time
• Inntil 10 personar i kvar gruppe
• Samtaler og erfaringsutveksling, oppgåver og refleksjon, du vel sjølv kor mykje du ønskjer å dele i gruppa
• Arrangør: Stryn helsestasjons- og skulehelseteneste
Målsetjinga er at den enkelte mor eller far skal bli trygge foreldre ved å bli bevisste på kva dei gjer som er bra for barna sine.
Du får inga ferdig oppskrift, men hjelp til å finne eigne løysingar for deg og barnet.
Samtalane i foreldregruppene tek utgangspunkt i dine og dei andre deltakarane sine erfaringar frå kvardagen.
Fokuset er på korleis foreldre oppfattar barnet sitt og korleis ein samspelar i kvardagen.
Gjennom arbeid med 8 tema for godt samspel vil du kunne sjå og forstå barnet ditt på ein ny og betre måte.
